• Om me ikkje
  • hadde visst
  • ville det runne
  • ubrukt i havet.
  • Årsmelding 2013

Om SKL

  • skl jobbar
  • rein energi

Og for å få det til er me 122 personer som kvar dag gjer litt av oss sjølve for å få vatnet til å renne gjennom turbinar og straumen til å koma fram der den trengs. I SKL utgjer heile arbeidsstyrken eit lag, og alle er nødvendige aktørar for å få det heile til å gå opp, køyre utan problem og sikre deg ei stabil og trygg levering av det me produserer. Den innsatsen løner seg også med at lokalsamfunn i regionen vert tilført store verdiar, som er med på å oppretthalde kultur og busetting på små og store stader. Det er me glade for, og stolte over. 2013 var eit godt år. 2014 ligg føre oss. Me har trua.

NOK EIN GONG HAR ME IDENTIFISERT NYE POTENSIALE I BLÅDALSVASSDRAGET OG PÅ SLUTTEN AV ÅRET ER ME NÆRAST KLAR MED MELDINGA AV EIT NYTT KRAFTANLEGG

Magne Heimvik - Konsernsjef

Magne Heimvik — Konsernsjef

  • omstilling
  • og utvikling

Energibransjen står føre nye og spennande utfordringar. Fleire av brikkene byrjar å falla på plass, men framleis er mykje uavklart når det gjeld rammevilkåra. Me kan med stor tryggleik sei at bransjen står føre store endringar.

Dette kjem ikkje overraskande på oss. Me har dei siste åra sett denne utviklinga koma og har i vårt arbeid førebudd oss på det. Vårt mottrekk er ei sterkare spissing av konsernet sine aktivitetar med hovudfokus på fornybar energi og nett som grunnlag for vekst og utvikling. I 2013 har me arbeidd aktivt for å leggja innhald i desse strategiane. Me har tru på at regulert kraft vil gje oss større verdskaping enn uregulert kraft. I tillegg held me oss innafor allereie regulerte område og reduserer dermed inngrepa i naturen.

Energibransjen står føre nye og spennande utfordringar. Fleire av brikkane byrjar å falla på plass, men framleis er mykje uavklart når det gjeld rammevilkåra. Me kan med stor tryggleik sei at bransjen står føre store endringar. For SKL med kraftproduksjon og nett som sine viktigaste forretningsområde, er det naturleg nok rammevilkåra for desse områda me er mest opptekne av. Fallande kraftprisar vil svekka resultata våre framover og utryggleiken kring rammevilkår for nett og nettstruktur gjev oss utfordringar når me skal utmeisla strategiane våre.

Dette kjem ikkje overraskande på oss. Me har dei siste åra sett denne utviklinga koma og har i vårt arbeid førebudd oss på det. Vårt mottrekk er ei sterkare spissing av konsernet sine aktivitetar med hovudfokus på fornybar energi og nett som grunnlag for vekst og utvikling. I 2013 har me arbeidd aktivt for å leggja innhald i desse strategiane. Nok ein gong har me identifisert nye potensiale i Blådalsvassdraget og på slutten av året er me nærast klar med meldinga av eit nytt kraftanlegg, Fjellhaugen Kraftverk, med stor effektinstallasjon. Me har tru på at regulert kraft vil gje oss større verdiskaping enn uregulert kraft. I tillegg held me oss innafor allereie regulerte område og reduserer dermed inngrepa i naturen. Rammevilkåra for nett står føre store endringar. Den førre regjeringa sette ned eit utval som skulle sjå på framtidig nettstruktur og koma med forslag til verkemiddel som skal leggja grunnlag for meir robuste strukturar.

I tillegg vil det koma endringar i Energilova som vil ha konsekvensar for vårt eigarskap i sentralnettet. Dette må me møta på ein offensiv måte og nytta dei moglegheiter som rammevilkåra gjev oss. Eg vonar at me no får på plass rammer som stimulerer til omstilling. Nettbransjen er moden for endringar og SKL ønskjer å bidra til det.

SKL er godt rusta for å møta dei endringar me ser føre oss. Det ser me gjennom innsatsen og resultatet for 2013. Det har vore arbeidd godt i alle delar av organisasjonen og me har levert eit godt resultat. Eikemoprosjektet blei gjennomført eitt år før planen og me har sett i drift fire småkraftverk, to av dei saman med våre samarbeidspartnarar. I tillegg kjem arbeidet med nemnte Fjellhaugen Kraftverk.

På nettsida har det vore stor aktivitet med styrking av nettet på alle nettnivå. Det er stor aktivitet i regionen og kravet til leveringstryggleik har høgste prioritet. På slutten av året fekk me òg sett beredskapen på prøve då me vart råka av eit større uvær. Heldigvis har me stort sett vore skåna for slike hendingar, men denne hendinga viste kor viktig det er å vera godt førebudd når situasjonen oppstår.

Eit resultat av strategien vår var at me i sommar overdrog IKT avdelinga vår til Sysco. Som ein del av oppgjeret gjekk SKL inn på eigarsida i Sysco. Dei andre aktivitetane i SKL Marked, breiband og naturgass, har vist ei positiv utvikling.

Etter nær 4 år i dialog med Statkraft måtte me dessverre slå fast at det ikkje var grunnlag for å koma til semje om kjøp av 34 % av aksjane dei hadde i BKK. Prosessen vart godt forankra i våre strategiar med fokus på langsiktig avkastning – skapa verdiar for eigarane, og auka eigarskapen til fornybar vasskraft. Denne prosessen hadde og eit anna viktig element i seg – verdiskaping verdig gjennom samarbeid.

SKL tar mål av seg til å arbeida for eit tettare og meir strukturert samarbeid. Dette er viktig for å vera robuste nok til å møta nye rammevilkår og vera attraktive for å tiltrekka og behalda kompetanse. Kompetansen er – og vil vera – ein av dei viktigaste konkurransefortinna våre.

For SKL er det viktig å arbeida med det me kan påverka og gjera noko med. Me må halda fram med å utvikla gode prosjekt, gode samarbeidsarenaer og sjå på våre interne prosessar. Me må ha den innstilling at me alltid kan bli betre og med det best rusta til å møta framtida. Det er og bakgrunnen til at me på slutten av året sette i gong Prosjekt 2018 som gjennom ulike tiltak skal gje ei monaleg betring av resultatet og meir effektive arbeidsprosessar. For meg er det viktig at me i SKL klarar å skapa verdiar for regionen og eigarane gjennom vidareutvikling av konsernet og med det trygga arbeidsplassane.

Magne Heimvik, Konsernsjef.

Ei betring av årsresultatet på 105 mill. kr for konsernet

Didrik Ferkingstad — Styreleiar

Styret si årsmelding

VERKSEMDA

Konsernet Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er eit kraftkonsern som driv innan produksjon og overføring av kraft. I tillegg har konsernet satsingar innan Breiband og distribusjon av naturgass.

Konsernet SKL sin forretningsidé er å drive produksjon, omsetning og overføring av energi på ein konkurransedyktig, lønsam og serviceinnstilt måte.

Konsernet SKL sin kraftproduksjon, i regi av SKL Produksjon AS, skjer i Hordaland fylke. Hovuddelen av produksjonen er lokalisert i Matre i Kvinnherad kommune, der fleire stasjonar nyttar vassressursane i Blådalsvassdraget. I tillegg eig og driv selskapet Eikelandsosen kraftverk i Fusa, to mindre stasjonar i Stord og er medeigar (8,75 %) i Sima kraftverk i Eidfjord. Midlare kraftproduksjon i desse stasjonane er 1695 GWh. Selskapet deltek dessutan i kraftproduksjon i Sauda gjennom sin eigardel på 15 % i AS Saudefaldene.

Satsinga innan småkraft skjer hovudsakleg i eigne dotterselskap og tilknytt selskap. Seks småkraftverk er sett i drift pr. 31.12.2013 og eit er under bygging. I tillegg er fleire under konsesjonshandsaming.

Konsernet SKL si nettverksemd er lokalisert til Sunnhordland og Nord-Rogaland. Konsernet er gjennom SKL Nett AS eigar/medeigar i linjer og transformatorstasjonar som inngår i sentralnettet (300 kV), og nettverksemda har driftsansvaret for desse anlegga. Nettverksemda eig og driv regionalnettsanlegga (66 kV) i Sunnhordland og delar av tilsvarande anlegg i Nord-Rogaland. Som del av nettanlegga har nettselskapet store kabelanlegg for fjordkryssingar både på 300 kV og 66 kV nivå. Nettverksemda eig og driv i tillegg distribusjonsnettet i Stord.

SKL Marked AS er ansvarleg for anna aktivitet knytt til infrastruktur, dette gjeld blant anna Breiband og Naturgassutbygging. I tillegg vert kundesenteret drifta av marknadsselskapet.

SKL Produksjon AS har ein driftssentral lokalisert i Stord for overvaking og styring av produksjons- og nettanlegg. Som del av denne har konsernet bygd eigne kommunikasjonsanlegg basert på fibernett og radiolinje. Som tilknytt aktivitet har konsernet SKL teke del i og gjort investeringar i utbygginga av radiolinjesamband og fiberoptisk samband mellom Bergen og Stavanger. Konsernet SKL er såleis eigar av infrastruktur som vert nytta for sal av tenester til teleoperatørar, desse anlegga er ein del av SKL Marked AS.

SKL AS (morselskapet) leverer tenester internt i konsernet knytt til blant anna økonomi, HR, administrasjon og strategi.

VIDARE DRIFT

Årsrekneskapet er avlagt under føresetnad om vidare drift av selskapet. Styret stadfestar at føresetnaden er til stades.

ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE

Ved utgangen av 2013 hadde Konsernet SKL 122 tilsette, mot 134 året før. I tillegg kjem 6 lærlingar. Morselskapet SKL AS har 19 tilsette. Totalt utgjer dei 122 tilsette 118,6 årsverk i 2013 mot 128,7 årsverk i 2012.

Konsernet SKL har sidan 2002 vore IA- bedrift og hatt avtale om Inkluderande Arbeidsliv. Konsernet har vidare etablert ein livsfasetilpassa personalstrategi, med heilskapleg fokus på faktorane helse, motivasjon, kompetanse og livsfase. Målsetjinga er i samarbeid med den enkelte tilsette, dei tilsette sine organisasjonar, bedriftshelseteneste og trygdeetat både å redusere sjukefråveret og leggje til rette for at den enkelte tilsette kan stå lenger i arbeid før uttak av pensjon. I 2013 hadde Konsernet SKL to skadar hjå tilsette som medførte skadefråvere, dette gav ein H1-verdi lik 8,7. Tilsvarande tal for 2012 var ein skade med fråvær og ein H1-verdi lik 4,0. Samla sjukefråvere var 3,8%, mot 3,1% i 2012.

SKL AS hadde ingen skader med fråvere og ein H1 – verdi lik 0 i 2013. Samla sjukefråvere i SKL AS var 1,8% i 2013, mot 5,8% i 2012.

Konsernet SKL har kvalitetsleiar med ansvar for systematisk arbeid med HMS. Konsernet SKL har samarbeidsavtale med bedriftshelsetenesta, Haugaland HMS. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) hadde 4 møter i 2013. AMU har 5 representantar frå dei tilsette og 5 frå arbeidsgjevar. I tillegg møter kvalitetsleiar, HRansvarleg og ein representant frå Haugaland HMS. Kvalitetsleiaren er sekretær for AMU, der faste saker mellom anna er internkontrollarbeidet, oppfølging av sjukefråvere, samt arbeidsrelaterte ulukker, skadar og andre uønska hendingar. Vidare har AMU til handsaming rapportar frå HMS- tenesta, byggjesaker og arbeidsmiljøutvalets årsrapport.

LIKESTILLING

Ved utgangen av året hadde Konsernet SKL 122 tilsette fordelt på 118,6 årsverk. Av dei tilsette er 97 menn (95,8 årsverk) og 25 kvinner (22,8 årsverk). Med unntak for administrasjon og kundeservice er Konsernet SKL si verksemd knytt til område der menn generelt i arbeidslivet er i sterk overvekt.

Styret har 8 medlemmer, fordelt med 5 aksjonærvalde, 1 utpeika av Hordaland fylkeskommune og 2 valde av dei tilsette. Styret er samansett av 7 menn og ei kvinne. SKL har innretta si verksemd slik at ho ikkje er i strid med likestillingslova.

DET YTRE MILJØ

Konsernet SKL sin største aktivitet – utnytting av vassdrag til produksjon av energi – gjeld produksjon av ei miljøvennleg vare. Produksjon av vasskraft har miljømessige fordelar framfor andre former for energiproduksjon. Men også utbygging og drift av vasskraftanlegg medfører inngrep i naturen og påverkar miljøet. Største verknad i den samanheng er dei inngrepa som gjeld regulering av vassdrag i form av endra vassføring og magasinering.

Konsernet SKL er opptatt av å førebyggje og avgrense negative miljøkonsekvensar av verksemda, mellom anna gjennom tiltak i samband med vassdrags- og konsesjonsvilkår som selskapet er underlagt.

Sjølve produksjonsprosessen medfører ikkje negativ påverknad av det ytre miljø. Det vert nytta PCB-fri olje i alle transformatorar og andre oljehaldige komponentar. Det er bygd oljegruver for oppsamling av olje ved ein eventuell lekkasje for alle transformatorane, og desse vert vedlikehaldne med omsyn til tettleik.

300 kV sjøkabelanlegga over Hardangerfjorden og Bømlafjorden er utstyrte med oljetrykksanlegg, og lekkasjar frå desse vil føre til direkte utslepp i sjøen. Anlegga har kontinuerlig overvaking og utskifting av kontrollanlegga er under planlegging.

Ved legging av kablar og gassanlegg vert det samarbeidd med kommunale etatar og andre for å grava felles grøfter. Dette reduserer både kostnader og inngrep i naturen. Mykje infrastruktur vert lagt i bakken for å minimera visuell forureining.

Konsernet har i 2013 ikkje hatt vesentlege uynskte hendingar som har gitt skadar på miljø.

OM DRIFTA

Produksjonen i 2013 vart på totalt 1760 GWh i SKL Produksjon AS sine anlegg, 65 GWh eller 3,8 % meir enn det som er rekna som middels produksjon. I 2012 var produksjonen totalt 1786 GWh. Produksjonen i konsoliderte småkraftselskap utgjorde 20,6 GWh.

Magasininnhaldet var ved inngangen til 2013 63 GWh lågare enn ved inngangen til 2012. Magasinstanden ved utgangen av 2013 var 89 GWh høgare enn ved inngangen til året. Gjennom 2013 var tilsiget 102,2 GWh høgare enn normalt. Total nedbør i Matre var 2968 mm (6,2% høgare enn normalt) mot 3520 mm i 2012.

Totalt vart dekningsbidrag av kraftomsetninga i konsernet på 493,9 mill. kr mot 408 mill.kr i 2012 (Sal energi fråtrekt kjøp energi korrigert for kjøp av gass). Tilgangen til produksjonsanlegga har vore høg. I løpet av året har det ikkje vore lengre utilsikta nedetid på anlegga. Det er gjennom året ikkje gjennomført vedlikehald som har hatt innverknad på produksjonen. Reinvesteringar og oppgraderingar i anlegga er utført i samsvar med plan.

Det har generelt vore svake prisar i 2013, men noko høgare spotpris enn i 2012. Høgaste områdepris over månaden var i april med 35,9 øre/kWh. Prisen fall så utover våren og hadde ei relativt flat utvikling frå juni og ut året på mellom 25 og 30 øre/kWh med ein topp på 29,7 øre/kWh i oktober. Hovudvolumet av kraft vert seld til løpande spotpris på kraftbørsen Nordpool. Prisen i vårt område var 29,0 øre/kWh (år-snitt) mot 21,8 øre/kWh i 2012. Oppnådd pris på fritt omsetteleg kraft vart 29,6 øre/kWh.

Drifta har i 2013 i stor grad gått som planlagt. Året har vore prega av stor investeringsaktivitet for alle nettnivåa. I sentral- / regionalnettet var det 19 driftsforstyrringar, mot 17 året før. Av desse førte 11 til avbrot i forsyninga med eit leveringstap (ILE/KILE) på 104,4 MWh mot 30,7 MWh året før.

I distribusjonsnettet var det 18 driftsforstyrringar, mot 8 året før. Desse medførte eit leveringstap (ILE/KILE) på 37,1 MWh mot 3,6 MWh året før.

I tillegg var det 29 planlagde og varsla avbrot som medførte eit leveringstap (ILE) på 4,5 MWh, mot 15,5 MWh året før.

Avbrot som følge av uvéret i regionen 5.desember utgjer største delen av fjorårets ILE/KILE tall. Om lag 80 % av KILE på overliggjande nett og om lag 50 % av KILE på distribusjonsnett er frå denne dagen. Totalt er det resultatført ein kostnad på 6,4 mill. kroner knytt til KILE.

SKL Marked har siste åra gått gradvis over i ein driftsfase etter mange år med utbygging av distribusjonsnett både for fiber og naturgass. Sjølv om hovudprosjekta er avslutta for nokre år sidan medfører stor byggjeaktivitet i kommunen investeringar i infrastruktur både i eksisterande og nye område, dette mest på fiber til privatmarknaden.

Leveranse av naturgass har hatt ein fin opptur frå 2012. Industrien og då med Kværner i spissen, har hatt ein stor auke i bruk av gass. Dette viser igjen med ein auke i total omsetning på 67 % frå året før.

SKL har i løpet av året gjennomført ein fisjon av IKT avdelinga til Sysco AS. Bakgrunnen for fisjonen var å finna ein eigar der avdelinga kunne halda fram med den veksten dei har hatt siste åra. Skulle IKT vera med i konkuransen om nye kundar samtidig med at kvalitet og pris stadig vert tøffare, var behovet for større miljø heilt naudsynt. Med å gå saman med Sysco som også har kundar i same segment får ein stordriftsfordelar og større fagleg miljø. Allereie etter fyrste halvår har staben auka med to personar og all drift av Sysco er overført avdelinga på Stord. SKL har i samband med fisjonen gått inn som eigar i Sysco AS med ein eigardel på 16%.

Samla for selskapa som er konsolidert i konsernrekneskapen, inkludert minoritetar sin andel, er det netto investert i varige driftsmidlar for 144,5 mill. kroner i 2013. Det er investert totalt 41,3 mill. kroner i 2013 i SKL Produksjon AS. Den største enkeltinvesteringa er bygging av ein overføringstunell frå Eikemovassdraget til Blådalvassdraget. Bygginga vart ferdig i mai 2013, og har auka midlare produksjon med 62 GWh. Liarelva Kraftverk er også ferdigstilt i 2013 med ein midlare årsproduksjon på 6 GWh. I tillegg er det investert totalt 18,5 mill.kr i konsoliderte småkraftselskap.

I nettverksemda har vesentlege investeringar på sentral- og regionalnettsnivå mellom anna vore sluttføring av arbeidet med utskifting av hovudtransformator D1 i Håvik i samarbeid med Hydro og Haugaland Kraft.

På Bjelland er det arbeid med og utskifting av 66kV apparatanlegg, nytt bygg og transformator. Ombygginginga av transformatorstasjon inkluderer idriftsetting av ny 66/22 kV transformator. Det er lagt 5,5 km 66kV kabel frå Midtfjellet til Årskog, men idriftsettinga er utsett grunna havari under transport av ny transformator.

I distribusjonsnettet har fleire større og mindre investeringar vore gjennomført. Av desse er utbygging i Jensanesvegen i Sagvåg, nytt industriområde på Heiane Vest samt nytt bustadfelt i prestegarden i Nordbygdo. Det har òg vore arbeidd med utskifting av nettstasjonar som skal ned på bakken innan 2016.

Samla investeringar i selskapet var i 2013 på 69,5 mill. kr, mot om lag 117 mill. kr i 2012.

SKL Marked AS sine investeringar er i all hovudsak knytt til breibandssatsinga, mens det i mindre grad har vore investeringar i andre forretningsområde. Totalt har SKL Marked AS investert for 13,5 mill.kr i 2013, mens avgang i forbindelse med fisjon utgjer 3,5 mill.kr.

For morselskapet har det vore gjort investeringar knytt til sluttføring av utbygging av administrasjonsbygget i Stord. Totalt er det investert 5,2 mill.kr i 2013.

Styremedlemmer

  • Magne Heimvik - Konsernsjef
  • Magne Heimvik
  • Konsernsjef
  • Didrik Ferkingstad - Styreleiar
  • Didrik Ferkingstad
  • Styreleiar
  • Atle Neteland - Nestleiar
  • Atle Neteland
  • Nestleiar
  • Sigbjørn Framnes - Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes
  • Styremedlem
  • Olav Linga - Styremedlem
  • Olav Linga
  • Styremedlem
  • Torleiv Fylkesnes - Styremedlem
  • Torleiv Fylkesnes
  • Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes - Styremedlem
  • Lars Saue
  • Styremedlem tilsette
  • Olav Linga - Styremedlem
  • Johannes Christen Koløen
  • Styremedlem
  • Torleiv Fylkesnes - Styremedlem
  • Marit S. Stockmann
  • Styremedlem tilsette

OM ÅRSREKNESKAPEN

Resultat

Rekneskapen for 2013 syner ei omsetning på 1 019,6 mill. kr for konsernet og 39,9 mill. kr for morselskapet. Resultat før skatt er 381,8 mill. kr for konsernet, tilsvarande tal for morselskapet er 159,1 mill. kr. Overskot etter skatt er 185,4 mill. kr for konsernet og 158,1mill.kr for morselskapet. Samanliknande overskot etter skatt var kr 80,3 mill.kr for konsernet og kr 89,0 for morselskapet i 2012. Bokført skattekostnad i konsernet utgjer 196,5 mill. kr, medan bokført skattekostnad for morselskapet utgjer 1 mill. kr.

Konsernresultatet samla er mykje betre enn i 2012, og endringa skriv seg særleg frå følgjande høve:

  • Lågare produksjon, men noko høgare pris, auka dekningsbidrag for produksjon med til saman 85,9 mill. kr (inkludert resultat frå småkraftsatsinga).
  • Høgare inntektsramme for 2013 målt mot 2012 gav ein auke på dekningsbidraget frå nettverksemda med 47,2 mill. (overføringsinntekt fråtrekt oveføringskostnad og kjøp av energi). Det er fleire årsaker til dette, der blant anna endring i NVE si referanserente frå 4,2% til 6,9%, stort tillegg for auke i kapital, stort kostnadsgrunnlag frå 2011 samt etterbetaling av for låg bransjeavkastning i 2012.
  • SKL Marked AS totalt leverer stort sett etter budsjett, men bidrar med gevinst etter fisjon med 22 mill.kr.
  • Totalt er dekningsbidraget frå anna verksemd auka med 8,3 mill.kr.
  • Netto finanskostnad er auka med 5,4 mill.kr før skatt når ein korrigerer for nedskrivingar i 2012 med tilsaman 31,5 mill. kroner. Målt mot 2012 totalt er det ei positiv endring på 26,1 mill. kroner.
  • Lønnskostnader er redusert med 2,3 mill. kr, som skuldast både redusert antal tilsette i nettselskapet, samt at totalt 8 årsverk har gått ut i samband med fisjon av IKT verksemda.
  • Andre driftskostnader aukar med 23,7 mill. kr, der mykje av veksten er knytt til at IKT-kostnadene andre halvår er kjøpt eksternt, og at det er konsolidert inn og sett i drift fleire småkraftverk.
  • Av- og nedskrivingar er auka med 8,5 mill. kr, som skuldast tilleggsavskriving og endra avskrivingstid på SKL Nett AS sitt distribusjonsnett.
  • Skattekostnaden er auka med 54,6 mill. kr.

Totalt gir dette ei betring av årsresultatet på 105 mill.kr for konsernet.

SKL AS har eit årsresultat korrigert for inntekt frå dotterselskapa som er negativt med 4,9 mill. kroner mot positivt med 4,7 mill.kroner i 2012. Endringa skuldast i stor grad prosesskostnader i samband med strategisk oppkjøp.

For nettverksemda er ordinær inntektsramme inntektsført og resultatet av kvalitetsjustert inntektsramme (KILE – kompensasjon for ikkje levert energi) er teke inn i rekneskapen for 2013. Ved utgangen av 2013 er det bokført ei meirinntekt på netto 7,2 mill. kroner i balansen. Avkastinga på NVE-kapitalen er på 10,3% i 2013, mot 4,3% i 2012. NVE referanserenta var på 6,9 % for 2013 og 4,2% for 2012.

Balanse og likviditet

Konsernet SKL sine bokførte anleggsverdiar er i samsvar med historisk kostpris fråtrekt av- og nedskrivingar.

For konsernet SKL var Likviditetsgrad 1 pr 31.12.2013 lik 0,37. Arbeidskapitalen er negativ og utgjorde -286,1 mill. kr (inklusive bank). Den negative arbeidskapitalen

skuldast i stor grad betalbar skatt og utbytte som kjem til utbetaling i 2014. Likviditetssituasjonen er i samsvar med planlagde handlingar frå konsernet si side. Tala må sjåast i samanheng med trekkrettar og kassakreditt på til saman 1 490 mill. kroner. Samla gjeld knytt til trekkrettar og sertifikat er 1 250 mill. kr pr. 31.12.13, slik at faktisk likviditetstilgong gir ein reell likviditetsgrad større enn 0,52.

Konsernet sin soliditet er god. Eigenkapitaldelen pr 31.12.13 er på 42,1%, etter avsett utbyte til eigarane. Marknadsverdien i konsernet sine produksjonsanlegg er langt høgare enn bokførte verdiar. Eigenkapitalen er forsvarleg ut frå risiko ved og omfang av verksemda i konsernet.

Kontantstraum

Konsernet har ein kontantstraum frå drifta på 270,2 mill. kroner etter endringar i fordringar, kortsiktig gjeld og driftsrelaterte tidsavgrensingar. Likviditetsbehaldninga er 59,6 mill. kroner lågare ved dette årsskiftet samanlikna med 2012. Dette skjer etter netto investeringar i varige driftsmidlar og andre anleggsmidlar på 150,6 mill. kroner, ein reduksjon i lånegjelda på 118,9 mill. kroner og utbetaling til eigarane på 60,2 mill. kroner.

Avlagt rekneskap gir eit reelt bilete av verksemda til konsernet for året. Det har ikkje skjedd noko etter avlegging av årsrekneskapen som har særleg betyding for rekneskapen for 2013.

FRAMTIDIG UTVIKLING

Framtidig inntening og finansiell stilling vert vurdert som god både på kort og lengre sikt. For Konsernet SKL tilseier langtidsplan og langtidsbudsjett at selskapet går inn i ein periode med låge forventningar til prisane på kraft, noko som vil påverke den økonomiske utvikling dei næraste åra.

I tillegg til prisen på krafta er utviklinga i produksjonen det som i størst grad påverkar resultata. Aktørane på kraftmarknaden er framleis svært kortsiktige, slik at det er uvisse for dei framtidige prisane. Nivået på kraftprisane og avvik i årlege tilsig vil gje dei største utslaga på dei framtidige resultata for selskapet. I tillegg vil særleg prisen for el-sertifikat ha mykje å seie for lønnsemd i pågåande og planlagde investeringar i auka kraftproduksjon.

SKL Nett AS er gjenstand for ei årleg berekning av inntektsramme. I inntektsrammeberekninga legg ein opp til effektivitetsmålingar, samanlikning med andre nettselskap, og ei samanstilling av inntektsramme som både byggjer på eigne kostnader og kostnadsnorm for bransjen. Dette fører til større uvisse om framtidige inntekter og gjer oss avhengige av ikkje berre eigen utvikling, men òg korleis bransjen utviklar seg.

SKL Nett AS står også ovanfor store investeringar dei neste åra i alle nettnivå. Investeringane er naudsynte for å sikre overføringskapasitet i distriktet, samt vedlikehalde leveringstryggleiken.

Rammevilkåra for nettverksemda er under endring. SKL Nett AS kan bli råka av desse endringane, mellom anna ved at eigarskapet til sentralnettet må avviklast. Endringane kan og gi moglegheiter, og SKL Nett AS vil posisjonere seg for å gripe desse.

Når det gjeld utviding av konsernet sine aktivitetar, har SKL sitt hovudfokus innan kraftproduksjon. Konsernet arbeider difor kontinuerleg og aktivt for realisering av ny lønnsam kraftproduksjon.

Konsernet SKL arbeider med konkrete prosjekt for realisering av småkraftverk. I 2013 er Åkraelva Kraftverk, Liarelva Kraftverk, Akslandselva Kraftverk og Eitro Kraftverk alle ferdigstilt og sett i produksjon. Konsernet eig også Tveitelva Kraftverk AS og er deleigar i Hopselva Kraftverk AS, som er sett i produksjon tidlegare år.

Konsernet er dessutan i sluttfasen av ei breibandsutbygging, og har sluttført bygginga av eit distribusjonsnett for naturgass i Stord. Deltaking i vindutbyggingsmarknaden skjer igjennom eigarskap i Vestavind Kraft AS og Vestavind Offshore AS. SKL ser vidare satsing innan vind til å vera begrensa.

Konsernet har god soliditet, og drifta genererer stor positiv kontantstraum som sikrar likviditetssituasjonen. SKL er open for samarbeid med andre aktørar i regionen med sikte på å vidareutvikle konsernet og sikre framleis gode resultat dei neste åra.

FINANSIELL RISIKO

Konsernet har ei bevisst haldning til handtering av finansiell risiko. Verksemda er kapitalintensiv, med nye investeringar og behov for nye låneopptak, samstundes som eksisterande lån skal refinansierast. Likviditetsrisikoen må difor handterast. Konsernet har kraftanlegg med evigvarande produksjon og sal av kraft. Handteringa av marknadsrisikoen er difor viktig.

Konsernet SKL står blant anna ovanfor følgjande marknadsrisiko:

  • Prisrisiko knytt til dagens og framtidig sal av eigen produsert kraft, herunder prisen på el-sertifikat.
  • Valutarisiko for sal av kraft.
  • Renterisiko knytt til låneportefølje og inntektsramme for nettverksemda.

Kraftmarknaden er kortsiktig, med lite likviditet i produkt utover 3 års løpetid. Selskapet vil difor for middelproduksjonen på 1695 GWh vere eksponert for nivå og endringar i nivå på framtidig kraftpris og verdien av Euro mot norske kroner.

Med all kraftproduksjon basert på vasskraft vil tilgang på vatn og produksjonsevne variere frå år til år. For konsernet SKL, som har Folgefonna i sitt nedslagsfelt, vil breen representere ein utjamnande effekt i desse årlege variasjonane. Volumrisikoen vert difor vurdert som noko mindre for konsernet SKL enn for bransjen generelt.

Konsernet SKL har slik handtering av marknadsrisikoen for kraftproduksjonen:

  • SKL er innforstått med at resultata vil svinge med prissvingingane i kraftmarknaden, og prisrisikoen vert i liten grad sikra gjennom finansielle kontraktar. SKL sin handelsstrategi gir i ei viss utstrekning moglegheit for aktiv sikring.
  • Konsernet sikrar ikkje valuta, og er innforstått med at inntekta frå kraftomsetning vil variere med nivå på Euroen. Innkomen Euro vert veksla fortløpande til norske kroner.

Renterisikoen for konsernet SKL er avgrensa. Delar av konsernet sine inntekter for nettverksemda (kapitalrefusjon) er avhengig av rentenivået. Denne eksponeringa mot rentesvingingar går motsett veg av konsernet si eksponering mot rentesvingingar på gjeldssida. Delar av låneporteføljen vert sikra gjennom rentebyteavtalar. Kredittrisikoen for konsernet SKL vert vurdert som avgrensa, ettersom SKL sine inntekter frå produksjonen Styret si årsmelding 13 vert omsett mot børs (NordPool) og inntekter frå nettverksemda vert i det vesentlege fakturert mot lokale energiverk.

Likviditetsrisikoen vert vurdert som liten. Selskapet har god kontantstraum frå drifta. Selskapet sin soliditet er god, 42,1% ved siste årsskifte.

RESULTATDISPONERING

Konsernet SKL og morselskapet SKL har målsetjing om langsiktig verdiskaping. Morselskapet sikrar dotterselskapa i konsernet naudsynt soliditet og tilgang på likviditet. Overskotslikviditet og årleg avkastning vert overført til morselskapet i form av konsernbidrag og nedbetaling på langsiktig gjeld. I den grad dotterselskapa har behov for å auka eigenkapitalen skjer dette gjennom innskot av kapital eller at selskapet held tilbake resultat. I år er det tilført 164,1 mill. kr frå dotterselskap (utan skatteverknad), som gjev morselskapet eit årsresultat på 158,2 mill. kr. Konsernet har eit resultat på 185,4 mill.kr. Konsernet SKL skal ha god handlefridom og ein kapital som står i høve til risiko og omfang av verksemda. Innanfor desse måla skal morselskapet gje ein kapitaltilførsel til eigarane som er tilfredsstillande.

Konsernet sine mål og strategiar, konkretisert igjennom utarbeiding av langtidsbudsjett, viser at konsernet har eit omfattande investeringsprogram framover og kjem til å trenge bidrag frå eigarane.

Det er lagt opp til at kapitalutbetalinga til eigarane for 2013 rekneskapen vert 75% av konsernresultatet. Dette gir eit samla utbyte til eigarane på om lag 139 mill. kr. Storleiken på kapitaltilførsel til eigarane er tilpassa konsernet si finansiering av framtidige investeringar og skal sikre framleis god soliditet. Ut frå kontantstraumen og kapitalstruktur i konsernet, er det styret si meining at forslaget nedanfor til resultatdisponering er i samsvar med dei skisserte måla for konsernet.

Styret sitt forslag til disponering av overskotet for Sunnhordland Kraftlag AS for 2013:

Avsett til utbytte kr 139 000 000
Avsett til annan eigenkapital kr 19 147 000
Sum disponering kr 158 147 000

Stord, den 03. mars 2014

  • Magne Heimvik - Konsernsjef
  • Magne Heimvik
  • Konsernsjef
  • Olav Linga - Styremedlem
  • Olav Linga
  • Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes - Styremedlem
  • Sigbjørn Framnes
  • Styremedlem
  • Didrik Ferkingstad - Styreleiar
  • Didrik Ferkingstad
  • Styreleiar
  • Torleiv Fylkesnes - Styremedlem
  • Torleiv Fylkesnes
  • Styremedlem
  • Lars Saue - Styremedlem tilsette
  • Lars Saue
  • Styremedlem tilsette
  • Atle Neteland - Nestleiar
  • Atle Neteland
  • Nestleiar
  • Johannes Christen Koløen - Styremedlem
  • Johannes Christen Koløen
  • Styremedlem
  • Marit S. Stockmann - Styremedlem tilsette
  • Marit S. Stockmann
  • Styremedlem tilsette

  • kort om
  • 2013

  • MAI

Produksjon

  • Eikemooverføringa ferdigett år før plan.

Nett

Marked

  • JUN

Produksjon

  • Eitro Kraftverk ferdigstilt.

Nett

Marked

  • JUL

Produksjon

Nett

Marked

  • IKT divisjonen formelt overtil Sysco.

  • AUG

Produksjon

  • Åkraelva og Liarelva Småkraftverk ferdigstilt.

Nett

Marked

  • SEP

Produksjon

Nett

  • Oppgradering straumnettet Skotaberg fase 1, inkl. riving av høgspenningslinje ferdig.

Marked

  • OKT

Produksjon

  • Akslandselva Kraftverk ferdigstilt.

Nett

  • Auka trafokapasitet Håvik med 50% (til 150MVA) for å styrka forsyningssikkerheten på Karmøy / Haugesund ferdig. Idriftsetting nytt 22kV anlegg for SØK i Ølen Transformatorstasjon ferdig.

Marked

  • NOV

Produksjon

Nett

  • Oppgradering straumnettet Jensanesvegen som fellesprosjekt veg og VA.

Marked

  • Tilsagn frå Transnova på ny hurtiglade-stasjon på Heiane.

    Dette vert supplering til allereie etablert stasjon, Ny stasjon dekker ny europeisk standar kalla CCS.

  • DES

Produksjon

  • Oppstart på Gjønelva Kraftverk.

Nett

  • Ny Bjelland Transformatorstasjon for styrking av forsyningsikkerheten til Kværner og Stord Kommune ferdig.

    Re-investering i nettet på Skotaberg og Jensanesvegen.

Marked

  • Vidareføring avtale med Fjordkraft om sal av kundetenester,fakturering av Fjordkraftkundar på Stord.

    Intensjonsavtale med Stord Kabeltv om kjøp av selskapet.

  • 122
  • Tilsette
  • 99.6%
  • Oppetid på kraftanlegga

2013 var eit godt år

Knud Nagell Dahl — Økonomisjef

  • hovudtal 2013 i mill. kr
  • 1020
  • Omsetning
  • 413
  • Driftsresultat
  • 185
  • Årsoverskot
  • etter skatt
  • 139
  • Utbyte
  • 3129
  • Totalkapital
  • 1318
  • Eigenkapital
  • 122
  • Tilsette
  • pr 31.12
  • 37,4%
  • Likviditetsgrad 1
  • (omløpsmidler i % av kortsiktig gjeld)
  • 42,1%
  • Soliditet
  • (eigenkapital i % av totalkapital)
  • 13,5%
  • Totalrentabilitet
  • (resultat før rentekostnader i % av totalkapital)
  • 29%
  • Eigenkapitalrentabilitet før skatt
  • (resultat før skatt i % av gj.sn. Eigenkapital)

Status 2013

  • FORNYBART

Det blir aldri meir eller mindre vatn på jorda. Mengda av vatn er alltid den same! Men vatnet sirkulerer, det skiftar form og det er i bevegelse heile tida. Vatn vert til damp som stig til skyene. Der vert den nedkjølt, festar seg til små partikler i atmosfæren, og kondenserer til vassdråpar. Desse dråpane fell ned på jorda som regn. Vatn vert brukt igjen og igjen. Kretsløpet stoppar aldri. Vatn kan utnyttast. Krafta i vatnet vert til vasskraft. Vasskraft er vår viktigaste fornybare energi. Om me ikkje hadde visst korleis me skulle bruka vatnet, ville det runne ubrukt i havet. Heldigvis veit me betre.

Status 2013

  • rette folk
  • på rett jobb

Menneska i bedrifta gjer oss til det me er. Utan kvar enkelt blei det eit fattig heile. Rekruttering er viktig for fornying og kompetansepåfyll. Dei menneskelege ressursane er uendelege. Me skal tiltrekkje oss dei beste. For me vil vekst og utvikling.

Me leitar etter dei som veit noko me ikkje veit, og som kan få til det me ikkje er i stand til. Å rekruttere er både å vedlikehalde og å utvikla. Kunsten å sjå rundt eit hjørne og bak neste sving er meir enn å drive med spådommar. Ved å rekruttere bevisst kan me vera med på å styre utviklinga frå eige hus og eigen organisasjon. Me som er her kan læra og utvikla oss vidare. Dei som kjem kan tilføre ny kunnskap. Slik vert alle betre, og det er det me vil, både som menneske og organisasjon.

Om du kjem til oss med erfaring frå anna verksemd eller direkte frå skulebenken, er du like velkomen. Me ynskjer deg med på eit lag som dreg saman, og som veit å verdsetta kvar enkelt sin kompetanse og kunnskap.

  • Irene Røyrvik Loftheim
  • Rekneskap
  • Thomas Slettemark
  • Energimøntør
  • Jan Viktor Karlsen
  • Energimontør

Status 2013

  • EI AKTIV
  • ROLLE I EIT
  • LEVANDE
  • SAMFUNN

Alle som arbeider i SKL er deltakarar i eit levande samfunn. Eit samfunn der dei daglege alminnelege behova er viktige. Gode skular, eit rikt kulturliv, god tilrettelegging av aktivitetar som idrett og friluftsliv. Ja, alt som gjer dagleglivet meining og innhald.

Me i SKL ynskjer å gje noko attende til det samfunnet me er ein del av. Ved å gje av vårt overskot til idrett og kultur, er me med på å stimulere og oppretthalde sunn aktivitet og sikre gode opplevingar for innbyggjarane. Då får viktige verdiar spelerom og menneska får blomstre i sitt eige lokale miljø. Det er med på å sikre eit levande, positivt og aktivt samfunn.

SKL Produksjon AS

  • kraftproduksjon
  • og kraftomsetning

VASSKRAFTPRODUKSJON

SKL er ein mellomstor vasskraftprodusent i norsk samanheng. Hovudtyngda av produksjonen skjer i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune. Dette er eit nedbørsrikt område, og i tillegg kjem nær halve tilsiget frå Folgefonna isbre. Det er ein god og utjamnande faktor for vasskraftproduksjonen.

Dei andre vasskraftanlegga til SKL er i Eikelandsosen (Fusa kommune), samt Børtveit og Lundsseter (Stord kommune). SKL utøver også retten til 8.75 % av driftsklar maskinkapasitet i Sima Kraftverk (Eidfjord kommune) etter ein avtale med Hordaland fylkeskommune.

Alle SKL sine kraftverk har konsesjon utan heimfall. I tillegg eig SKL 15% av aksjane i AS Saudefaldene. SKL er eigar og deleigar i 6 småkraftverk i Sunnhordlandsregionen. Eit sjuande er under bygging.

«Midlare» kraftproduksjon for SKL er rekna til 1695 GWh, medrekna konsesjons-kraft. Om lag 85% av produksjonen skjer i heileigde kraftverk, medan resten kjem frå Sima kraftverk. Samla forventa gjennomsnittsproduksjon pr år i småkraftverka er om lag 65GWh. Dette er i tillegg til produksjonen ovanfor.

ORGANISERING

SKL Produksjon AS har som si hovudoppgåve å syte for at produksjonsanlegga er tilgjengelege og operative når marknaden krev det, i tillegg til at ein er ansvarleg for produksjonsplanlegging, kraftomsetning og overordna ansvar for tilgang på og utvikling av kraftressursar. Om lag halve arbeidsstyrken har sitt daglege virke i Matre i Kvinnherad, medan den andre halvparten er lokalisert til hovudkontoret på Stord.

Den døgnbemanna driftssentralen på Stord dekker både produksjonsovervaking- og planlegging i tillegg til overvaking av straumnettet. Driftsentralen er organisert under SKL Produksjon AS.

  • 1695
  • GWH middelproduksjon
  •  
  • 85%
  • I Heileigde Kraftverk
  • Asgeir Hjelmeland, Dag Olav Haugland, Svein Ove Eide (elektrikere)

SKL Marked AS

  • Marked

SKL Marked er der kundane er. Me er i første rekke når det skal leverast, enten det er breiband til underhaldning og nyttig informasjon, eller naturgass til mellom anna oppvarming og produksjon. Men mest av alt er SKL Marked selskapet sitt ansikt ut mot kunden, og såleis ei viktig brikke for folk si oppleving av konsernet.

BREIBAND

SKL si breibandsutbygging i Stord kommune har gjennom året halde same høge tempo som tidlegare år. Det er i dag over 4000 privat- og næringskundar som er knytt opp til det fiberbaserte kabelnettet. Gjennom fiberen leverer SKL innhaldstenester frå Altibox på internett, telefon, TV, alarm og videoleige. Då arbeidet med breiband starta i 2005 var målet å nå dei aller fleste av innbyggjarane i kommunen. Dette målet er nå mest i hamn og me har i dag over 60 % dekning av eit kundepotensiale på over 7000. Hovuddelen av utbygginga er ferdig og berre mindre område står igjen. Drifta av SKL breiband går svært bra både teknisk og økonomisk. Den tekniske løysinga som Altibox konseptet er bygd opp på i regi av Lyse, byggjer på stabile og framtidsretta løysingar. Talet på årsverk i breiband er 5.

IKT

SKL har i løpet av året gjennomført ein fisjon av IKT avdelinga til Sysco AS. Bakgrunnen for fisjonen var å finna ein god samarbeidspartnar der avdelinga kunne halda fram med den veksten dei har hatt siste åra. Allereie etter fyrste halvår har staben auka med to personar, og all drift av Sysco sine kundar er overført avdelinga på Stord.

NATURGASS

SKL naturgass har no eit ferdig utbygd røyrnett for transport av naturgass frå tankanlegget på Eldøyane ut til kundane. Kundemassen er aukande og stadig fleire verksemder ser gevinst i bruk av naturgass. Naturgass er eit miljøvenleg og rimeleg energialternativ som vert nytta til oppvarming og produksjon i industrien, Total omsetningsauke for naturgass er på 67 % frå året før. Auken kjem både frå kundar som ynskjer å nytta naturgass som energikjelde på nybygg, men også kundar som vurderer ombygging av eksisterande varmekjelder. Uttak på CNG fyllestasjon for personbilar har ikkje hatt den positive utviklinga ein hadde vona, men til gjengjeld er bruken av hurtigladestasjonen for EL-bilar som SKL har etablert i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune klart aukande. Talet på årsverk i naturgass er 2.

KUNDE

Kundedivisjonen har som hovudaktivitet å ivareta konsernet sine kunderetta oppgåver samt drift av sentralbord og resepsjon. Avdelinga er SKL sitt ansikt ut mot kunden og derfor ei viktig brikke i konsernet. Servicegrad på kundetelefonen for året er svært god og samarbeid med andre eksterne kundar er positiv. Kundedivisjonen tilbyr også kunderetta tenester til andre energiverk og har kundar i og utanfor regionen. Talet på årsverk i kundedivisjonen er 5.

  • 4000
  • Breidbandkunder
  •  
  • 60%
  • marknadsandel av
  •  
  • 7000
  • Potensielle kunder
  • Aksel Sæther — Marknadsansvarleg

SKL Nett AS

  • Nett

SKL Nett eig og driv eit omfattande regional- og sentralnett i Sunnhordland og Nord-Rogaland, i hovudsak på 66 og 300 kV spenningsnivå. I tillegg eig og driv også SKL distribusjonsnettet i Stord kommune. Kraftnettet er underlagt monopolkontroll, og er rekneskapsmessig delt i sentralnett, regionalnett og distribusjonsnett.

Driftsresultatet for nettdrifta vart 58,1 mill kr i 2013, fordelt med 20,0 mill kr på sentralnettet, 30,1 på regionalnettet og 8,0 mill kr på distribusjonsnettet, noko som gir ei avkastning på 10,3 % av nettkapitalen.

SENTRALNETTANLEGG

SKL Nett eig og driv 300 kV kraftleidningar og 300 / 66 kV transformatorstasjonar. Desse anlegga er utleigd til Statnett SF og inngår i sentralnettet.

SKL Nett har pr. 31.12. 2013 i drift:
300 kV luftlinjer: 80 km. 300 kV kablar: 17 km
I transformatorstasjonane har me ei samla yting på dette
nettnivået på: 300 / 66 kV 650 MVA

REGIONALNETTANLEGG

Regionalnettet er kopla opp mot sentralnettet i Blåfalli, Husnes, Stord, Spanne og Håvik.
På regionalnettsnivå har selskapet samankopling i sør mot Haugaland Kraft. Mot nord (BKK) har ein ikkje tilknyting på dette nettnivået.
Regionalnettet vert i hovudsak drive med 66 kV spenning, men det er òg nokre 22 kV anlegg.

På regionalnettsnivå hadde SKL Nett pr 31.12.2013 i drift:

300 kV luftlinjer 12 km
66 kV luftlinjer 294 km
66 kV kablar 40 km
22 kV luftlinjer 2 km
22 kV kablar 1 km

SKL nett er eigar og medeigar i 22 transformator-og koplingsstasjonar. Samla yting for transformatorane er:

66/22 og 66/11/5 kV: 474 MVA 22/22 kV: 30 MVA

DISTRIBUSJONSNETT

Distribusjonsnettet er lokalisert innanfor Stord kommune, og SKL Nett hadde 31 .12. 2013 i drift:

Lågspent linjenett 167 km
Høgspent linjenett 46 km
Lågspent kabel 349 km
Høgspent kabel 151 km

I distribusjonsnettet inngår 322 fordelingstransformatorar med ei samla yting på 131 MVA.

DRIFT, VEDLIKEHALD OG NYANLEGG FOR REGIONAL- OG SENTRALNETTET

I tillegg til ordinær drift og vedlikehald på sentral- og regionalnettanlegga har det i 2013 vore ekstra fokus på følgjande område og prosjekt:

  • 66 kV kabel Årskog - Midtfjellet
  • Ny stasjon på Bjelland, med 35 MVA trafo og nye koplings- og kontrollanlegg
  • Nytt bygg i Ølen og nytt 22 kV koplingsanlegg
  • Ny 150 MVA (300/66 kV) transformator til Håvik
  • Planlegging for reinvestering av 66 kV linjene Stord-Langeland-Otteråi

SKL Nett AS

  • LUFTLINJER
  • 92km
  • 300kv
  • 294kw
  • 66kv
  • 48km
  • 22kv
  • KABLAR
  • 17km
  • 300kv
  • 40km
  • 66kv

FORBRUK OG ENERGITRANSPORT I REGIONALNETTET I 2013

Samla levering til regionalnettkundane våre i 2013 var 2451 GWh eksklusive nettap, noko som er ein auke på 2,6 % i høve til 2012. Nettapet utgjorde 36,8 GWh, tilsvarande 1,5 %

MAKSIMALLAST

2013 var eit relativt normalt år. Høgaste maksimallast for 2013 i regionalnettet vart registrert i time 9 den 23.1.2013, til 504 MW, inkludert tap i nettet. Småkraftproduksjon som vert mata inn i distribusjonsnettet inngår ikkje i dette talet.

KRAFTSYSTEMUTGREIING FOR SUNNHORDLAND OG NORD-ROGALAND

SKL er planansvarleg selskap for regionalnettet i Sunnhordland og Nord-Rogaland. Kraftsystemutgreiinga vert revidert kvart andre år innan 1. juni, og gjort tilgjengeleg på SKL si heimeside på internett. Neste utgåve kjem i 2014.

DRIFT, VEDLIKEHALD OG UTBYGGING AV DISTRIBUSJONSNETTET I STORD

I tillegg til ordinær drift og vedlikehald på distribusjonsnettet har det i 2013 vore ekstra fokus på følgjande område og prosjekt:

  • SKL samarbeider med HK og Vestlandsalliansen om innføring av AMS.
  • Det er stor byggeaktivitet i Stord kommune, og det har mellom anna vore opprusting/utviding av nettet på Huglo, Holevegen, Skotaberg, Kringsjå terasse, Åsbanen, Heiane og Eldøyane, samt eit større bustadområde i Tysemarka og ferdigstilling av Jensanesvegen.
  • Det har vore fokus på ombygging av mastetrafoar til kioskar på bakken.
  • Planlegging av nye kioskar for hyttefelt på Huglo og Agdestein/Grov.

Mange av prosjekta ovanfor er fellesprosjekt med både Stord Kommune, Vegvesenet og vår eiga utbygging av Breiband (fiber) infrastruktur.

I distribusjonsnettet vart det levert 224 GWh fordelt på 8930 kundar. Nettapet utgjorde 15 GWh, tilsvarande 6,3 %

DRIFTSFORSTYRRINGAR

Sentral- og regionalnettet:

I sentral- / regionalnettet var det 19 driftsforstyrringar, mot 17 året før. Av desse førte 11 til avbrot i forsyninga med eit leveringstap (ILE/KILE) på 104,4 MWh/ 5,3 mill NOK, mot 30,7 MWh året før.

Distribusjonsnettet:

I distribusjonsnettet var det 18 driftsforstyrringar, mot 8 året før. Desse medførte eit leveringstap (ILE/KILE) på 37,1 MWh/ 1,6 mill NOK, mot 3,6 MWh året før. I tillegg var det 29 planlagde og varsla avbrot som medførte eit leveringstap (ILE) på 4,5 MWh, mot 15,5 MWh året før. Avbrot som følge av uvêret i regionen 5.desember utgjer største delen av fjorårets ILE/KILE tal. Om lag 80 % av KILE på overliggande nett og om lag 50 % av KILE på distribusjonsnett er frå denne dagen.

VIDARE ARBEID OG FRAMTIDSUTSIKTER

Viktige oppgåver framover vil vera å optimalisera drift og vedlikehald, oppnå god avkastning samtidig som leveringstryggleiken vert ivareteken.

Det vil bli gjennomført tiltak for å bidra til selskapsmessig og regional utvikling. Vurdering av IT-strategi og bruk av IT-verkty vil verta vurdert for å effektivisera drifta. Som følgje av stor auke i maksimalt effektuttak siste åra, og utviklinga i regionen elles, har me høgt fokus på utbygging og vidare utvikling av nettet. SKL Nett arbeider også aktivt for å vere ein attraktiv samarbeidspartnar i samband med utbygging, drift og vedlikehald av nye nettanlegg ved utbygging av ny kraftproduksjon i regionen.

SKL Nett samarbeider med BKK og Statnett om opprusting av sentralnettet på Vestlandet.

2011 — 2013

  • selskapsstruktur
  • og organisasjon

Aksjonærforhold

SKL har tradisjonelt vore, og er enno, eit regionalt eigd selskap. Etter kapitalutvidinga mot Haugalandet i 1951 var aksjonærforholda uendra i 45 år, fram til utgangen av 1996. Då kom BKK inn på eigarsida etter kjøp av aksjepostar.

Eigarvilkår

Det er ikkje forkjøpsrett til aksjane, men overdraging krev styret sitt samtykke.

Styret

Styret har 8 medlemmer. 5 blir valde av generalforsamlinga, Hordaland fylkeskommune oppnemnar 1 og dei tilsette vel 2.

Administrativ organisering

Fokus på resultatkrav og tilrettelegging for ei meir team- og prosjektrelatert arbeidsform innan alle område har vore sentrale føringar for SKL si overordna organisering. Dei siste åra har selskapet fått tilført mykje god kompetanse, samtidig som det ligg utfordringar i å auka talet på tilsette i slikt omfang som det er gjort dei siste åra. Det set store krav til leiarkompetanse, organisasjons- og personalutvikling, gjennomføringsevne og tilrettelegging for eit godt arbeidsmiljø.

Frå 1. januar 2009 vart selskapet konsern-organisert med eit morselskap og tre dotterselskap, eit for kvart av forretningsområda produksjon, nett og marked.

Aksjonær Aksjetal Prosent av aksjane
Haugaland Kraft AS 1340 40,5
BKK AS 1106 33,4
Finnås Kraftlag SA 332 10,0
Tysnes Kraftlag SA 165 5,0
Fitjar Kraftlag SA 111 3,4
Fjelberg Kraftlag SA 98 3,0
Skånevik Ølen Kraftlag SA 85 2,6
Stord kommune 70 2,1
Sum 3307 100

Om årsmeldinga

Ynskjer du trykka versjon av SKL Årsmelding 2013 kan den bestilles på e-post post@skl.as. Den trykka versjonen inneheld ikkje det totale rekneskapen.

Kontakt

Postboks 24,
5401 Stord

Telefon: 53 49 60 00
E-post: post@skl.as
www.skl.as

Digitalt design, konsept og programmering: Oktan Stavanger